Det hjelper ikkje palestinarane at Strøksnes bagatelliserer antisemittismen

Politifolk væpna med automatvåpen passar ikkje på norske, jødiske barn fordi det tener Benjamin Netanyahu.

kk
PALESTINA: Det er som om Morten Strøksnes ikkje forstår kvifor norsk politi står med automatvåpen og passar på norske, jødiske barn, skriv kommentator Emil André Erstad om Strøksnes siste bok «Molok».
Publisert Sist oppdatert

Om en stor krig på en liten stripe land kalt Gaza er undertittelen på den nye boka til Morten Strøksnes. Eit meir treffande namn ville vore noko sånn som Dei veldig slemme israelarane og hvorfor de er så brutale. Tankane han presenterer i boka er verken originale eller nyanserte, sjølv om ein god del av det Strøksnes skriv er interessante observasjonar av eit Israel på veg uti stadig meir autoritært kaos.

Eit av Strøksnes sine sentrale poeng er at Benjamin Netanyahu ikkje kom ut av eit vakuum. Også dei høgreradikale busettingsministrane hans passar heilt fint inn i ein israelsk tradisjon som sidan sionismens vugge har handla om å drive palestinarane bort. I sin iver etter å male fram biletet av kor ekstreme sjølv dei moderate israelarane har blitt, hentar Strøksnes fram alle argument som styrkar denne fortellinga.

Holocaust-ulogikk

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS