Det amerikanske gubbeveldet
Joe Biden er den eldste amerikanske presidenten nokosinne. Dersom Donald Trump overtek kontoret i 2024, vil han også ta over den tittelen. Kvifor har det blitt slik?
VAKSNE MENN: Joe Biden er USA sin eldste president nokosinne. Dersom han skulle vinne valet i 2024, vil Donald Trump ta over tittelen med om lag eit halvt års margin, skriv Sigrid Rege Gårdsvoll.
Erlend Berge
Joe Biden fylte 78 år like etter valdagen i 2020, eit par månader før han skulle ta fatt på det som må vere ein av dei mest krevjande jobbane i verda. I åra som er gått etterpå, har vi kunna sjå at alderen i stadig større grad pregar den amerikanske presidenten. Han snublar i ord, rotar med stadnamn og datoar og kan også stå fram fysisk redusert. For mange av hans politiske kritikarar har det blitt gjengs å omtale han som «dement» og stille spørsmål ved om han er mentalt i stand til å utføre jobben.
Svært mange eldre er friske og raske og har slett ikkje behov for eller lyst til å setje seg i gyngestolen og ta fri når dei passerer ordinær pensjonsalder. Biden sine forsnakkingar er heller ikkje av ny dato – dei har følgt han mykje av karrieren, det same har taleproblema, som nok heng tett saman med stamminga han har streva med heile livet. Samtidig vil nok dei fleste vil vere samde om at det kanskje ikkje kan forenast med såpass høg alder å vere regjeringsleiar for ei supermakt, med dei krav det stiller til både fysisk og mental arbeidskapasitet.
Oldingstyre