«Derfor ønsker Stenseng å halde fram»
Kjersti Stenseng er ein kaptein som ikkje hoppar frå skuta i ruskevêr. Det er lite som tyder på at dei dårlege målingane gjer partisekretæren mindre motivert til å halde fram.
MAKT: Sidan 2015 har Kjersti Stenseng frå Kvam i Gudbrandsdalen hatt den jobben. Vi må tilbake til legendariske partisekretærar som Ivar Leveraas og Haakon Lie for å finne folk som har sitte lengre enn Stenseng, skriv kommentator Emil André Erstad.
Terje Bendiksby
Å vere partisekretær i Arbeidarpartiet kan gje deg legendestatus.
På lista over dei som har sitte i stolen øvst på Youngstorget, finn vi namn som Martin Tranmæl, Einar Gerhardsen og Haakon Lie.
Du har ansvaret for at ørnen i norsk politikk skal fly. Det er din jobb å sørgje for at vengespennet er vidt nok, at den flyg i rett høgde og at overblikket er på plass. Det handlar om medlemstal, politikkutvikling og ein livskraftig organisasjon.