Derfor likar vi Kari Nessa Nordtuns raseri
Det meste som skjer i vår tid er utanfor fellesskapets kontroll. Saknet er derfor stort etter folkeparti som prøvar å hamle opp med alt det ukontrollerbare.
TIRADE: Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun retta – bokstaveleg tala – peikefingeren mot Meta, Google, Snapchat og TikTok, og sa: «Og vi treng at de tar dykkar ansvar – og at de følger lova!» Videoklippet vara ikkje i meir enn tjue sekund, men har gått viralt, skriv kommentator Emil André Erstad.
Skjermdump
Det er som om vi ikkje fullt ut har forstått kor mykje makt som er i hendene på ansiktslause og namnlause personar inni dei store bygningane til teknologiselskap. Mange av dei er selskap vi ikkje eingong veit namnet på. Elles ville vi neppe ha registrert oss som brukarar og gitt dei makt til å endre våre barns liv og samfunna vi lever i, for alltid.
Meta, Snapchat og Google er berre ein liten del av alt det i vår tid som er utanfor vår kontroll, men som i høgste grad pregar liva våre. I den politiske situasjonen er det påfallande kor lite av det som skjer rundt oss, vi har makt til å endre på. Kronekursen, krigane i Ukraina og Midtausten, den kommande handelskrigen i verda og straumprisane er døme på alt det vi ikkje klarar å kontrollere. Og dei vi har gitt makt til å representere oss, viser meir avmakt enn handlekraft overfor dei store utfordringane.
Tjue sekund