Derfor kan KrF klare det

Den totale krisa i KrF kan bli partiets redning på valdagen.

MOBILISERING: KrF-strategane er klare på at det har skjedd eit taktskifte i partiets kamp mot sperregrensa. No skal dei ikkje lenger legge lokk på desperasjonen, men tvert om blottstille den for veljarane, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Vi sat samla på Knut Arild Hareides kontor, valkvelden 2017. Då dei første prognosane kom, var KrF under sperregrensa. Resultatet var så dårleg at det kunne ende med katastrofe. Alle som var til stades i rommet hugsar korleis det vart heilt, heilt stille. På partiets valvake kunne ein sleppe knappenåler i golvet og alle ville høyrt det. Sjokket var enormt. Partiet hadde frykta eit dårleg resultat, men få hadde verkeleg trudd at stortingsgruppa skulle bli utsletta.

Katastrofen

I august 2017 var KrF-apparatet opptekne av å halde krisespøkelset unna spaltene i media. Eg veit det, fordi eg sjølv var ein del av KrF-apparatet som gjennomførte denne strategien, i rolla som rådgjevar for den dåverande partileiaren. Ein del av jobben som politisk rådgjevar var å førebu innlegg og talar som leiaren kan stø seg til, på kort varsel. Før den triste valkvelden, hadde eg skrive to forskjellige talar Hareide kunne halde etter at valresultatet var klart. Ein av desse talane hadde tittelen Katastrofen. Det var den talen som skulle gje trøystande ord til partifolka i tilfelle partiet hamna under. Det var berre dei færraste i kretsen rundt Hareide som i det heile tatt visste at denne versjonen fans.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS