Den manglande forståinga for abortmotstanden
Utan å forstå argumenta til abortmotstandarane, vert det vanskeleg med ein opplyst abortdebatt. Ei slik forståing kan vere nøkkelen til å unngå amerikanske tilstandar.
BETENT: Også i Norge har abortdebatten fått høgare temperatur dei siste åra, skriv kommentator Emil André Erstad.
Alf Simensen
Då det vart kjend at den amerikanske høgsteretten er i ferd med å gå inn for å gjere abort forbode i halve USA, skrolla eg gjennom nyhendestraumen på Facebook. Mange av mine oppegåande konservative kristne vener i Norge gav uttrykk for at dei støtta innskrenkinga av abortlova i USA. «Kvifor dekker media det som ei negativ utvikling?» var mantraet. Fleire var òg kritiske til at denne avisa – Vårt Land – vinkla nyheita frå amerikansk høgsterett negativt.
For store delar av den norske befolkninga er det konservative synet på abort fjernt og vanskeleg å forstå. Då er det lett å ty til argument som at det er gammaldags, at «vi trass alt lever i 2022» og at dei som meiner noko anna er mørkemenn.
Prinsipielt og etisk vanskeleg