Den lange vegen mot november
Det er 62 dager til presidentvalet i USA. Kan Kamala Harris segle i mål på entusiasme?
GLEDE: Er stemninga frå landsmøtet nok til å bere Harris og medkandidat Walz heilt i mål?
NTB
Om lag ei veke er gått sidan det demokratiske partiet avslutta sitt landsmøte i Chicago. 4700 delegatar – og ti gonger så mange menneske totalt – samla seg i og rundt den store idrettsarenaen som til vanleg huser basketball-laget Chicago Bulls.
Formelt skulle forsamlinga nominere Kamala Harris og Tim Walz som sine kandidatar til det høgste og nest høgste vervet i landet.
Resten av veka var vigd til talar frå større og mindre profilar i partiet (og eit par republikanarar) som fekk skryte uhemma av utgåande president Joe Biden og av ho dei håper skal vere den påtroppande presidenten.