Demonisering gjer oss berre dummare og konfliktane djupare
Gjer du eit realt forsøk på å forstå «den andre sida» av konflikten i Midtausten?
SKYTTARGRAVER: Der det i starten av krigen var fleire som framheva kor viktig det er å sjå konflikten frå fleire perspektiv, ser no mange menneske geografisk langt borte frå konflikten ut til å ha gravd seg ned i djupe skyttargraver, skriv kommentator Emil André Erstad.
Ohad Zwigenberg
Heilt frå morgontimane 7. oktober har den israelsk-palestinske konflikten atter ein gong opprørt oss.
Reaksjonsmønsteret var føreseieleg: Først viste mange omtanke med Israel som var ramma av terroren. Deretter ville mange uttrykke sympati for sivile palestinarar i Gaza, ramma av den brutale krigføringa.
Det følgde mønsteret for terrorens logikk, slik Dagens Næringsliv presist oppsummerte i ein nyleg leiarartikkel kor dei peika ut Hamas som dei politiske vinnarane av Gaza-krigen.