Dei skeive organisasjonane står for den nye pietismen

I krigståka frå Gaza verkar den skeive rørsla til å ha gløymt kva dei kjempar for. Ingen har nokon gong forandra verda med reine hender.

kk
KONFLIKT: Boikottaksjonen mot Israels deltaking på Canadas Pride-hagefest, er ikkje eit norsk fenomen. Hamas-terroren og Gaza-krigen har opna opp ei kløft i det skeive miljøet i mange land, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Canadas ambassade måtte etter press frå skeive organisasjonar (!) avlyse sin årlege Pride-hagefest. Årsak: Israel skulle delta. Nesten alle dei skeive organisasjonane – som til dømes Skeiv verden og FRI Oslo og Viken – hadde varsla at dei ikkje ville delta på hagefesten, dersom Israel også deltok.

Same Pride-hagefest som alle år

Ambassadefesten som i årevis har vore ei feiring av den skeive rørsla, vart altså avlyst etter press frå den skeive rørsla. Ikkje fordi innhaldet i festen hadde endra seg, men fordi feil folk skulle delta.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS