Biletet av den komande SV-leiaren er ein karikatur

Mange teiknar no eit bilete av Kirsti Bergstø som ein politikar til venstre for Raudt. Likevel kan det bli lettare for henne å styre SV inn i Støre-regjeringa, enn det ville blitt for andre.

kk
BERGSTØ: Derfor kan alle dommedagsprofetiane om SV og Kirsti Bergstø vere den store fordelen, og slett inga ulempe. Ho kan gjere ting med SV som få andre leiarar ville klart, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Vil SV no bli overtatt av museumsvaktarar som står heilt ytst til venstre i norsk politikk? Det var eit spørsmål som melde seg hos mange då Kari Elisabeth Kaski kasta inn handkleet i SVs leiarkamp måndag.

Kaski vert oppfatta som moderat, moderne og nytenkjande. Ho hadde stor støtte i partiet, og var gjennom fleire år partisekretæren som verkeleg bygde SVs organisasjon større.

Bergstø vert derimot omtala som ein kandidat langt meir til venstre i partiet, som ville kunne ta opp konkurransen om veljarane mot Raudt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS