Audun Lysbakkens forvandling
Audun Lysbakken starta si partileiargjerning i SV på tyngst mogleg vis. Historia om korleis han no tek partiet til himmels, er nesten eventyraktig.
SOMMARFUGL: Audun Lysbakken har hatt ei imponerande reise som leiar av SV, og er no i ferd med å føre partiet til eit av sine beste val i historia, skriv kommentator Emil André Erstad.
Lars Aurtande
Kva tenkte Audun Lysbakken, den gongen for snart ti år sidan på SV sitt landsmøte, der han nettopp hadde blitt vald til partileiar med femten blanke stemmer mot seg? Dei siste dagane, der heilt i starten av mars 2012, hadde vore dramatiske og mørke for den då 34 år gamle politikaren. Månader med bråk om ei tildeling på 154.000 kroner til organisasjonen Jenteforsvaret frå departementet Lysbakken styrte som barne- og likestillingsminister, hadde tvunge han til å gå av som statsråd fem dagar tidlegare.
På under ei lita veke hadde han rukke å både bli politisk audmjuka på det sterkaste, men også bli vald til leiar for eit parti som i mars 2012 gjorde målingar langt nede på 4-talet. Det såg tungt ut for det SV som Lysbakken den gongen skulle styre utan eigen plass rundt Kongens bord. Han var nederlagsdømt.
Ideologisk overtyding