«Asbury-vekkinga er ei realitetsorientering for ei pressa kyrkje»
For den lengtande kvardagskristne er det håpefullt og lindrande å lesa om vekkinga ved Asbury-universitetet i USA. Det finst ein livreddande frekvens tilgjengeleg for alle, og den set alt anna på vent.
PUSTEROM: Vekkinga ved Asbury-universitetet i USA gir eit innblikk i noko vesentleg ved trua: Ho kan setja alt anna på vent, gjera om på prioriteringar og skapa midlertidig trafikkaos, skriv gjestekommentator Sofie Braut.
Skjermbilde fra Catch The Fire Tampa Bay
Alle burde unna seg å dykka ned i Christianity Todays fyldige reportasje «No Celebrities Except Jesus», om vekkinga ved Asbury-universitetet i USA. Rapportane om såkalla «outpouring», altså eit heilt særmerkt åndsnærvær, ved det lite spektakulære universitetet i delstaten Kentucky sildra etter kvart også inn her heime. Til og med VG og NRK Oppdatert måtte til slutt laga saker om den åndelege unntakssituasjonen blant Gen Z som brått braut inn over campus ein heilt vanleg februardag.
Den lengtande kvardagskristne
Den som går vekkinga litt etter i saumane vil fort finna ut at her er ein verkeleg motkultur i aksjon. I seg sjølv er det tillitsvekkande at dette ikkje kvilte på velregissert marknadsføring eller scenevante «profilar». Rapportar fortel om «eit stille drag» i rommet, eit sterkt nærvær som ikkje treng ytre stemningsfaktorar som fancy musikk eller høglydte «amerikanske tilstandar» av noko slag.