Alt som på same tid er sant om Midtausten-konflikten
Eit forsøk på å oppsummere parallelle sanningar om over eit halvt år med krig, over 75 år med ein jødisk stat og over hundre år med israelsk-palestinsk konflikt.
MIDDELVEG: Kan vi finne ein posisjon som ikkje legg seg på dei einsidige premissane til folk som argumenterer for ei av sidene som om konflikten er ein fotballkamp? spør kommentator Emil André Erstad som gjer eit forsøk i denne kommentaren.
Charles Krupa
Finst det ein moderat posisjon som rommar alt som er sant om konflikten mellom israelarar og palestinarar? Spørsmålet er kanskje viktigare enn nokon gong, no som mange er fanga i krigståka.
Kan vi finne ein posisjon som ikkje legg seg på dei einsidige premissane til folk som argumenterer for ei av sidene som om konflikten er ein fotballkamp? Altfor mange ser ut til å lene seg på propaganda frå militære aktørar, trass i at vi veit sanninga er krigens første offer.
Raud Ungdom-leiar Amrit Kaur har til dømes sagt at ho ikkje vil ta avstand frå terrororganisasjonen Hamas. Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk har stått fram som ein tydeleg støttespelar for Israels krigføring på Gazastripa, og legg skulda for dei sivile lidingane på Hamas.