Abort mellom barken og veden
Kva snakker vi eigentleg om, når vi snakker om abort i USA?
ABORT: Abortsaka har alltid vore eit viktig reiskap for å motivere veljarar på republikansk side. Inn mot årets presidentval er det like viktig på demokratisk side.
NTB
Ein av dei mest kjensleladde sekvensane på landsmøtet til Det demokratiske partiet sist veke, kom då fire vanlege menneske fortalde sine historier om utfordringane dei hadde møtt då dei av ulike grunnar søkte å avslutte eit svangerskap. Eit par fortalde om ein fødsel som starta etter 18 veker, der mor nesten mista livet fordi sjukehuset ikkje meinte at tilfellet var alvorleg nok til å kvalifisere til unntak frå Texas’ strenge abortlovgjeving, ei anna fortalde om ei graviditet som følge av seksuelt misbruk frå stefar sin.
I det heile var spørsmålet om abort – tatt inn under det lett eufemistiske samleomgrepet reproduktive rettar – sjeldan langt i bakgrunnen gjennom dei mange timane med talar på scena i Chicago. Den eine etter den andre la forsamlinga på hjartet at valet i november kan vere avgjerande for abortlovgjevinga i Amerika.
Den ekstreme abortlova