Kultur

Knut Olav Åmås' frie ord

Statssekretæren i Kulturdepartementet gir seg etter berre åtte månader. Han vil komme til sin rett som Fritt Ord-direktør.

Mange stussa då Knut Olav Åmås gav seg som kulturredaktør i Aftenposten for å bli statssekretær i Kulturdepartementet. Han ofra plassen som fri meiningsytrar i kulturfeltet for å vere avgjerdstakar i ei regjering som ikkje er spesielt populær blant kulturfolket. Kanskje fekk Åmås også litt meir motbør enn han hadde venta seg, både for politikken – der somme kutt gjekk utover provoserte små aktørar – og for synsinga om innkjøpsordninga, der han uttala noko i nærleiken av at krim kanskje ikkje trong å bli kjøpt inn i store kvanta til biblioteka. Åmås er sjølv ein ivrig forsvarar av kritikk og meiningsbryting, men det skulle ikkje overraske meg om han i statssekretærperioden har opplevd store deler av pressa som vrange og venstrevridde.

Greip sjansen. Når Knut Olav Åmås no, etter berre åtte månader som statssekretær, takkar ja til stillinga som ny direktør i Fritt Ord etter Erik Rudeng, kan ein sjølvsagt lure på om Åmås ikkje likte seg så godt i politikken. Eg trur heller at han har vurdert Fritt Ord-stillinga som så viktig og interessant at det var uråd for han å ikkje gripe sjansen då han baud seg. Dette er ikkje første gongen. Det same var tilfelle då Julie Brodtkorb ringte han og spurte om han ville bli statssekretær for nokre månader sidan. «Sannsynligheten for at jeg vil kunne jobbe i media igjen seinere er relativt stor. Sjansen for å bli spurt om å jobbe med rikspolitikk igjen, er mindre. Jeg er vanligvis veldig grundig og analytisk når jeg skal ta avgjørelser, men av og til må man bare ta en sjanse,» sa Åmås nyleg til Dagbladet Magasinet.

Følgde draumen. Ikkje nok med det: Det same var tilfelle også då Åmås vart tilsett som debattredaktør i Aftenposten. Då hadde han nettopp takka ja til ei stilling som direktør i Den norske forleggerforeningen, men ombestemte seg før han hadde begynt i jobben. «Av og til må man bare følge sin drøm,» sa han til Aftenposten den gongen.

Sett utanfrå har Åmås følgd draumen sin enno ein gong. Direktøren for Fritt Ord spelar ei svært sentral rolle i den norske samfunnsdebatten, og den frie, sjølvstendige og kritiske posisjonen passar Åmås mykje betre enn rolla som kulturpolitisk bakspelar i den blåblå regjeringa. Sjølv omtalar Åmås Fritt Ord-stillinga som ei av dei viktigaste og mest spennande i norsk samfunnsliv: «Mulighetene er unike til å stimulere den kritiske og kunnskapsbaserte samfunnsdebatten i Norge.»

Det trur eg Åmås har rett i. Han vil komme til sin rett i stillinga som Fritt Ord-direktør. No får han ordet fritt igjen. Det skulle ikkje overraske meg om han har lengta litt etter det.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur