Vindkraft kan skapa søppeltrøbbel
Vindturbinane gjev grøn energi, men blada skapar hovudbry for søppelbransjen. NVE anslår at me i framtida må handtera 60.000 tonn utrangerte turbinblad. I dag blir dei oftast gravd ned i bakken.
Guleslettene vindparkFlorø 20200617. En 70 meter lang vinge på vei opp til Guleslettene vindpark like ved Florø. Totalt skal de reises 47 vindmøller i dette området. Hvert tårn er 90 meter høyt.Foto: Tore Meek / NTB scanpix(Foto: Tore Meek/NTB scanpix)
Det er eit majestetisk syn, når ei 70 meter lang turbinvinge blir transportert langs svingete vegar på Vestlandet. Vinga skal opp til Guleslettene vindpark like ved Florø. Den blir del av ein vindpark som ifølgje utbyggaren Zephyr kan forsyna over 43.000 einebustadar med straum i året.
Men sjølv om turbinane skal produsera grøn energi, skapar nettopp desse blada utfordringar for søppelhandtering i Noreg.
Vinturbinblad er laga av kompositt, som regel ei blanding av plast og glasfiber eller karbonfiber. Det gjer blada lette og sterke, men også svært vanskelege å resirkulera, fortel Mehdi G. Mousavi, professor og ekspert på kompositt.
Bestill abonnement her
KJØP