Vil boikotte oljeselskap
– Vi har berre éin planet. Øydelegg vi han har vi ikkje fleire, seier biskop Desmond Tutu.
– Vi som bur i afrikanske land står for tre prosent av klimautsleppa, men rundt 70 prosent av dei synlege klimaskadane finn du i Afrika, seier biskop Desmond Tutu.
Erlend Berge
I dag er dei samla i New York. Over 120 stats- og regjeringssjefar deltek på FNs klimatoppmøte i New York. For første gong sidan toppmøtet i København i 2009 skal storparten av verdas politiske toppleiarar diskutere kampen mot klimaendringane. Blant dei frammøtte er også Norges statsminister Erna Solberg (H).
Biskop Desmond Tutu var også invitert til New York. Han skulle tale klimaets sak i møte med verdas leiarar. Han skulle ha lagt ansvaret tungt innover dei: De må handle no.
LES OGSÅ: Tutu åpner for å tilgi Breivik