Biskopar skal møte
næringa etter oljerefs
I vår ba Tor B. Jørgensen og Olav Øygard om utfasing av oljenæringa.
Måndag vil Statoil vise fram kor viktig oljenæringa er i nord.
Statoils anlegg på Melkøya i Hammerfest er mottakar av gass frå Snøhvit-feltet. Måndag kjem dei to biskopane i nord på besøk etter å ha refsa oljepolitikken i ein kronikk tidlegare i vår.
Terje Bendiksby/NTB scanpix/arkiv
I helga skal dei to biskopane sykle gjennom Lofoten for å markere sin klimainnsats. Deretter blir dei møtt av oljenæringa i Hammerfest og Harstad.
Heit debatt
– Å fase ut oljeproduksjonen er ikkje klimapolitikk som eg som medlem av kyrkja kan stille meg bak, uttalte Høgres storstingsrepresentant, Tina Bru i februar til NRK.