Avviser at klimaet treng ein ny religion
Økoteolog Tom Sverre Tomren meiner det ikkje er hald i påstanden om at kristne er for opptekne av mennesket til å klare å løyse klimakrisa.
MOTIVERER: Brannmannskap sløkkjer skogbrann i California i USA. Tom Sverre Tomren meiner at moderne kristen tru motiverer godt nok til å kjempe mot klimaendringane.
Marcio Jose Sanchez
– Tanken om å konstruere ein religion er umogeleg for meg som kristen teolog å vere med på. Men å ta inn over seg ny kunnskap og ønskje å fornye religionen er meir konstruktivt, seier Tom Sverre Tomren, teolog og førsteamanuensis på Høgskulen på Vestlandet.
Tysdag sa den danske antropologen Cecilie Rubow til Vårt Land at ein ny klimareligion vil vere nyttig for å motivere folk til klimahandling. Kristne sitt eksistensialistiske syn er ikkje eigna til å redde verda frå klimaendringane, meiner ho.
Økoteologi