Sjå påskevandrings-gudstjeneste frå Filadelfiakirken skjærtorsdag
SKIRTORSDAG: I denne fyrste delen av Filadelfiakirken si påskevandring tek pastor Egil Svartdahl med fleire for seg hendingane på skjærtorsdag gjennom forteljingar, song og musikk.
PÅSKEVANDRING: Egil Svartdahl er pastor i Filadelfiakirken i Oslo. Han har lang erfaring med å halde påskevandringar der han går gjennom påskeforteljinga saman med musikarar.
Bendik Bruun Edvardsen
– Godt fottøy er ikkje eit krav, seier Egil Svartdahl med latter i stemma.
Det er nemleg ei påskevandring i metaforisk forstand han og Filadelfiakirken inviterer til. Ei vandring i ord, tone og bilete, gjennom hendingane på skjærtorsdag. Konrad Lunde skal leie songarar og musikarar.
– Me byrjar med eit kort resymé om kva som har skjedd frå laurdagen før palmesundag, før me tek for oss påskemåltidet og nattverdet. Vidare tek forteljinga oss til kampen i Getsemane og arrestasjonen av Jesus, fortel pinsepastor Svartdahl.
Bestill abonnement her
KJØP