No opnar kyrkjene igjen
OPNING: Etter 80 søndagar med ulike koronareglar i kyrkjer og bedehus, kunne kyrkjelydane i dag endeleg feire gudsteneste saman – heilt utan restriksjonar.
ENDELEG KLEMME: No er det endeleg slutt på koronarestriksjonane, og Salt-medlem Sunniva Kvamsdal Sveen kan klemme ei venninne på veg inn på møte på Forum i Bergen.
Jens Rod
– I dag er det 18. søndag i treeiningstida, og første søndag i opningstida!
Det var feststemning i Fagerborg kyrkje då sokneprest Bendik Baasland opna gudstenesta med desse orda. Sidan 12. mars i fjor har kyrkjene vore gjennom mange strenge restriksjonar, og i lengre periodar har det ikkje vore mogleg å gjennomføre gudstenester i det heile.
I dag var det endeleg fullt i benkeradene. To bunadskledde dåpsfølgjer og musikalsk innslag frå Det norske damekor som helste kyrkjelyden med Gloria av Vivaldi, skapte ei stor kjensle av høgtid i Fagerborg denne søndagen.