Metodistkyrkja slit med å lokke unge til presteteneste
REKRUTTERING: Om fem år er har ein fjerdedel av dagens prestar i metodistkyrkja nådd pensjonsalder. – Å velje å bli prest i ei kyrkje som står framfor ei mogleg splitting er modig, meiner rektor ved Metodistkyrkjas teologiske seminar.
TRENG FLEIRE: Rektor ved Metodistkyrkjas teologiske seminar, Hilde Marie Øgreid Movafagh, trur at kyrkja står i ei krise med homofilidebatt og mogleg splitting er med på å gjera det ekstra krevjande å rekruttere unge til presteteneste.
Erlend Berge
– Det er vanskeleg å rekruttere unge. Dei som startar på teologistudiet som 20-åringar og som dermed blir prestar i midten av 20-åra, er dei me har absolutt færrast av, seier rektor ved Metodistkyrkjas teologiske seminar, Hilde Marie Øgreid Movafagh.
– Kvifor er det slik?
– Det heng saman med alt anna med gjer i kyrkja. Mange kyrkjelydar har ikkje eit fungerande barne- og ungdomsarbeid. Det er vanskeleg å freiste med eit godt liv som prest i kyrkja viss ein ikkje har levande og gode kyrkjelydar. Og no er me midt i ei krise med homofilisak og kanskje splitting. Å velje å bli prest i ei kyrkje som står framfor ei mogleg splitting er modig, meiner Movafagh.
Bestill abonnement her
KJØP