Håpar medlemsskap i Norges Kristne Råd kan hindre sekt-stempel

BRUNSTAD CHRISTIAN CHURCH: På onsdag blir det avgjort om BCC får bli fullverdig medlem av Noregs Kristne Råd. BCC-medlem Nora Risnes Jebelli trur eit positivt svar vil gjera at kyrkjesamfunnet kjenner seg mindre utanfor, og heller som ein del av eit kristent fellesskap.

Vidar Riis Jacobsen, Nora Risnes Jebelli og Knut Holm Andersen er medlemmar i BCC.
BCC-MEDLEMMAR: Vidar Riis Jacobsen, Nora Risnes Jebelli og Knut Holm Andersen er medlemmar i BCC. Dei trur eit medlemskap i Norges Kristne Råd kan føre med seg gode ting, mellom anna når det gjeld korleis utanforståande ser på kyrkjesamfunnet.
Publisert Sist oppdatert

Gjennom heile si historie har kyrkjesamfunnet Brunstad Christian Church (BCC) stått på utsida av det økumeniske fellesskapet mellom kyrkjer i Noreg. Når det no skal bli avgjort om dei blir tekne opp som fullverdig medlem i Norges Kristne Råd (NKR) fylgjer medlemmar spent med.

– Me bør kunne vera medlem på same grunnlag som alle andre kristne er det. Me les den same bibelen, det kjem berre an på kva auge ein les den med, meiner Vidar Riis Jacobsen, som er ein del av Brunstad Kristelige Menighet Grenland.

Han kallar trua i Brunstad Christian Church (BCC), for «vanleg, plain kristendom», og meiner kyrkjesamfunnet har ein naturleg plass i Norges Kristne Råd.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS