Frikyrkja er redd pastorrolla verkar avskrekkande på unge. No tek dei grep.
REKRUTTERING: Formann i Frikyrkja trur mange unge vegrar seg for å bli pastorar. Maria Sandvand (24) jobbar som leiar i Kristiansand Frikirke, men har aldri tenkt tanken om å bli pastor.
AVSKREKKANDE: Maria Sandvand er ein av den yngre generasjonen leiarar i Frikyrkja som aldri har tenkt tanken om å bli pastor. Fleire peikar på at den tradisjonelle pastorrolla i kyrkjesamfunnet kan verke avskrekkande.
Marit Mjølsneset
– Eg trur mange av våre yngre medarbeidarar har sett korleis pastorrolla har vore i Frikyrkja gjennom mange år, og har tenkt at dette ikkje er noko for dei. Mange seier at dei kjenner på eit kall og ynskje om å jobbe i kyrkja og tene Gud på den måten, men at dei aldri kunne tenkt seg å bli pastor.
Det seier synodeformann i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja), Jarle Skullerud.
Som i dei fleste kyrkjesamfunn står ikkje den yngre generasjonen i kø for å bli prest eller pastor.