BCC møtte NRK sine journalistar med advokat: – Taper omdømme og renommé, meiner omdømmeekspert

MEDIEHÅNDTERING: NRK seier dei blei truga med rettsak då dei stilte BCC kritiske spørsmål. – Det kastar eit mistenkjeleg slør over alt når ein møter journalistar med advokat, meiner omdømmeekspert Trond Blindheim.

Omdømmeekspert og dosent ved Høyskolen Kristiania, Trond Blindheim.
UKLOKT: Omdømmeekspert og dosent ved Høyskolen Kristiania, Trond Blindheim, meiner BCC møtte NRK på ein uklok måte som fungerer mot sin hensikt.
Publisert Sist oppdatert

– Når nokon møter journalistar med advokat, er det fyrste ein tenker at dei har gått tomme for argument og ikkje ynskjer å bli konfrontert med saka. Det kastar eit mistenkjeleg slør over alt, seier omdømmeekspert og dosent ved Høyskolen Kristiania, Trond Blindheim.

I helga publiserte nrk.no ein artikkel om Brunstad Christian Church (BCC), der dei mellom anna skriv om medlemmar som opplever press om å gje pengar, og om trussamfunnet sine interne lån og økonomi. NRK skriv at dei ei stund ut i dialogen med BCC blei møtt med trugsmål om rettsleg forfylging mot både NRK og journalisten.

Advokaten skal mellom anna ha vist til ein dom om ærekrenking frå Den europeiske menneskerettsdomstolen, og skrive at «uriktige løgnanklager vil generelt medføre erstatningsansvar for mediet og journalisten».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS