Vatikanet åtvarar amerikanske biskoper mot å nekte Biden og Pelosi nattverd
DEN KATOLSKE KYRKJA: Katolske biskopar skal stemme over om dei skal nekte politikarar som er for abortrettar å ta imot nattverd. Men no åtvarar Vatikanet dei: Kan verke splittande.
NØGD: Nancy Pelosi, leiar for Representantanes hus er nøgd med utspelet frå Vatikanet. Ho og president Joe Biden er katolikkar, og kan potensielt bli ramma av forslaget om å nekte politikarar som støttar abortrettar nattverd.
Doug Mills
Vatikanet har sendt eit brev til amerikanske katolske biskopar der dei åtvarar om at å kategorisk nekte nattverd til politikarar som støttar atbortrettar, då det kan føre til splitting og konflikt.
Dette var det den katolske nettstaden America Magazine som meldte fyrst.
Nancy Pelosi, leiar for Representantanes hus i den amerikanske Kongressen og katolikk er nøgd med utspelet frå Vatikanet.