Styret i Norges kristne råd anbefaler at BCC ikkje får bli medlem
MEDLEMSSKAP: Eit samla styre står bak avgjersla om å anbefale rådsmøtet om å vidareføre Brunstad Christian Church som observatør i Norges kristne råd, bekreftar generalsekretæren.
TRENG AVKLARING: – Me har hatt gode samtaler med BCC i tre år, og me opplever at dei har bidratt med mykje positivt inn i vårt fellesskap, men det er ein del spørsmål som krev avklaring, seier Erhard Hermansen, generalsekretær i Norges Kristne Råd.
Erlend Berge
Styret i Norges kristne råd (NKR) har behandla Brunstad Christian Church (BCC), også kjent som Smiths venner, sin søknad om medlemskap. Basert på høyringssvar frå medlemsorganisasjonane anbefaler dei at trussamfunnet skal halde fram med observatørstatus, heller enn å bli teken opp som medlem.
Den endelege avgjersla er det NKR sitt rådsmøte som tek i midten av september i år.
– Vedtaket er basert på høyringssvara. Me har hatt gode samtaler med BCC i tre år, og me opplever at dei har bidratt med mykje positivt inn i vårt fellesskap, men det er ein del spørsmål som krev avklaring. Derfor anbefaler me å vidareføre observatørstatusen deira, slik at me får sjansen til å bli endå betre kjent, seier Erhard Hermansen, generalsekretær i NKR.