Snart kan alle måtte arbeide som Eilev
KYRKJELEG ORGANISERING: Om få år kan alle tilsette i Den norske kyrkja få prostiet som arbeidsgjevar. Diakon Eilev Erikstein har hatt prostiet som arbeidsstad i 30 år. Sjølv om arbeidsreisene hans kan kreve lange turar i bil, båt og snøskuter, trur diakonen dette er vegen framover for Den norske kyrkja.
HAR TRUA: I snart 30 år har Eilev Erikstein jobba som diakon på tvers av kommunegrenser. Han trur det kan vera ei god løysing at alle kyrkjelege tilsette i Den norske kyrkja blir tilsett i eit prosti i framtida.
Foto: Marit Mjølsneset
– Når ein jobbar på tvers av kommunar, kan ein skape unike samarbeid og jobbe meir spesialisert. Det er gull verdt, seier Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark.
Me treffest over ein kaffikopp på kontoret til diakonen. Eller rettare sagt eitt av dei; Kakeringen, ei arbeids- og inkluderingsbedrift i kommunesenteret i Vinje, Åmot. Andre viktige kontor er bilen og kyrkjene i Vest-Telemark. Det offisielle kyrkjekontoret hans har som hovudoppgåve å huse skrivar og kopimaskin.– Her treffer eg folk. Eg er livredd for kontorifiseringa. Ein viktig del av det diakonale faget er å bygge relasjonar, meiner Erikstein.
Og for distriktsdiakonen er det kanskje litt ekstra viktig å farte rundt og skape relasjonar. Virkeområdet hans er ikkje mindre enn fem kommunar, dei som fram til 2015 utgjorde Vest-Telemark prosti.