Markerar eitt år med korona: Vil la heile Noreg tenne ljos i Nidarosdomen

SORG OG HÅP: Du kan tenne ljos både fysisk og digitalt i Nidarosdomen 12. mars. - Me vil samle all sorg og liding frå året som er gått, og alle bøner, ynskje og håp for det som ligg framfor oss, seier sokneprest i Nidaros domkirke.

12. mars er det et år siden koronapandemien stengte landet ned. – Vi markerer dagen med at alle som ønsker kan tenne lys i Nidarosdomen, både fysisk og digitalt, sier sokneprest Andreas Grandy-Teig.
MARKERING: 12. mars er det eitt år sidan landet stengte på grunn av korona. Det vil sokneprest Andreas Grandy-Teig markere med at alle som vil kan tenne eit ljos i Nidarosdomen, både fysisk og digitalt.
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje berre dei som bur i Trondheim som skal kunne tenne ljos. Du kan nemleg også tenne eit digitalt ljos på Nidarosdomen sin eigen bønevegg. For kvart digitale ljos vil nokon tenne eit fysisk ljos for deg i kyrkja den 12. mars. På bøneveggen vil du kunne sjå når ditt ljos brenn.

– Det er eitt år sidan pandemien kom inn over oss. Me spurte oss sjølve kva me kunne gjera i den samanhengen. Me ser at folk er i sorg, har mista jobben, er fortvila og lir, medan andre har det heilt greitt. Me er så fragmenterte, og det er vanskeleg og samlast. No ynskjer me at me kan samle all sorg og liding frå året som er gått, og alle bøner, ynskjer og håp for det som ligg framfor oss, seier sokneprest i Nidaros domkirke, Andreas Hilmo Grandy-Teig.

Nysgjerrig og spent

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP