Har lyst ut sokneprest-stilling to gonger – men får ingen på intervju
Ullensvang sokn slit med å finne sokneprest. Etter tre år med vikarar har dei heller ikkje denne gongen klart å tilsetje nokon fast.
På to rundar har Ullensvang sokn berre fått to søkarar til stillinga som sokneprest. Etter ikkje å ha lukkast i nokre av rundane, må soknet lyse ut stillinga ein gong til.
Solveig Vikene
Berre éi søkte på utlysinga som sokneprest i Ullensvang denne runden, skriv Hardanger Folkeblad. Førre omgang var det òg berre éin søkar.
Men soknet har enno ikkje hatt nokon på jobbintervju til stillinga – for begge har trekt søknadane sine før prosessen har kome så langt.
Sjølv etter å ha pussa opp prestebustaden på Lofthus for åtte millionar kroner, må Ullensvang sokn halde fram jakta.