‘Eg er utruleg glad i kyrkja’
Magnhild Nerheim Andersen er ny diakon i kyrkjelydane Alta og Talvik i Finnmark.
– Resturantbesøk blir det ikkje like mykje av her, naturleg nok, seier Magnhild Nerheim Andersen.
Privat
– Kvifor søkte du denne jobben?
– Eg var her i praksis medan eg heldt på med masteren i diakoni og treivst så godt! Eg fekk bli kjent med ein flott stab og ein hyggelig kyrkjelyd, ikkje minst fekk eg lære at kyrkjelydsdiakoni kunne vere langt meir spennande enn eg hadde trudd. Dessutan kjem pappa frå Alta, og heile farssida av slekta bur her framleis.
– Kva blir den viktigaste oppgåva?