Ber om å få tre av som erkebiskop
DEN KATOLSKE KYRKJA: Éin av dei mest innflytelsesrike kardinalane i den katolske kyrkja, Reinhard Marx, har sendt eit brev til paven der han tilbyr seg å gå av som erkebiskop. Bakgrunnen er avsløringane om seksuelt misbruk i kyrkja.
NÆR PAVEN: Kardinal Reinhard Marx las opp ei erklæring til pressa om saka fredag 4. juni. Marx er ein av pave Frans sine nærmaste medarbeidarar og er mellom anna ein del av gruppa som gjev råd til paven.
Foto: Peter Kneffel/AP/Scanpic
Marx er ikkje mistenkt sjølv, men meiner at alle i kyrkjeleinga er medansvarlege. No etterspør den kjende kardinalen reformar.
«Denne krisa har oppstått også på grunn av våre eigne feil, av vår eiga skuld». «Eg ber deg om å godta min avgang som biskop i München og Freising». Det skriv den tyske kardinalen Reinhard Marx i eit brev til pave Frans. Heile brevet er publisert på fleire språk på bispedømet sine nettsider.
Marx trekkjer fram kyrkja si manglande evne til å forhindre nye, seksuelle overgrep som årsaka til at han ber om å få trekkje seg. Han seier dette er ein måte for han å vise at han er villig til å ta ansvar for «katastrofen ved det seksuelle misbruket som er gjort av kyrkjas tenestemenn dei siste tiåra».
Bestill abonnement her
KJØP