Arbeidstilsynet fann fleire brot på arbeidsmiljølova hjå Jørpeland kyrkjelyd
DEN NORSKE KYRKJA: For lite HMS-kompetanse, uoversiktlege roller og manglande rutiner for konflikthandtering er nokre av forholda Arbeidstilsynet trekkjer fram i sin rapport om Jørpeland kyrkjelyd, melder avisa Strandbuen. – Slett saksbehandling, svarer KAs advokat.
UNDERSØKT: Arbeidstilsynet har undersøkt korleis Strand kyrkjelege fellesråd arbeider med helse, miljø og sikkerheit i organisasjonen og korleis dei handterer den pågåande konflikten i Jørpeland kyrkjelyd.
Rune Sattler (CUSTOM_CREDIT)
– Funna i tilsynet viser at det er mangelfull HMS-kompetanse i Strand kyrkjelege fellesråd og Jørpeland kyrkjelyd. Det handlar ikkje berre om forelda og manglande kursbevis, skriv Arbeidstilsynet i rapporten, ifylgje avisa Strandbuen, som fyrst skreiv om saka.
Dei har fått tilgang til Arbeidstilsynet sin tilsynsrapport for kyrkjelyden på Jørpeland. Den var klar 11. februar, og peiker på ei rekke kritikkverdige forhold.
Målet med tilsynet var å kontrollera korleis Strand kyrkjelege fellesråd arbeider med helse, miljø og sikkerheit i organisasjonen og korleis dei handterer den pågåande konflikten i Jørpeland kyrkjelyd.