Arbeider med retningslinjer for å kunne opne kyrkjene
– Når heile samfunnet no arbeider med å opne opp, så må kyrkja gjere det same, seier KA-direktør Marit Halvorsen Hougsnæs.
Når heile samfunnet no arbeider med å opne opp, gradvis og kontrollert, så må kyrkja gjere det same, seier Marit Halvorsen Hougsnæs, direktør i KA.
JOAKIM S. ENGER
KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter arbeider no med retningsliner for korleis ein gradvis skal opne opp for kyrkjeleg aktivitet. Mykje av den kyrkjelege verksemda har vore stengt sidan 12. mars.
Direktør i KA, Marit Halvorsen Hougsnæs, fortel at arbeidet med å lage ein bransjestandard for kyrkja, er noko KA gjer saman med med Kyrkjerådet, Bispemøtet og fellesråda.
Mangfaldig verksemd