Musikk

Kastar barna til ulvane

Til hausten pushar TV 2 konkurrerande barn under 15 år i beste sendetid. Vil vi at barna våre skal assosiere musikk med jakta på å bli ei superstjerne?

Musikkonkurransen Idol dukka opp på TV 2 for elleve år sidan. Han blei raskt ein suksess, og fleire av Idol-deltakarane har fått stjernestatus. Kurt Nilsen gjekk til topps i World Idol, og Tone Damli Aaberge gjekk til toppen av kjendishierarkiet her heime. Konkurranseaspektet har appellert sterkt til TV-sjåarane, med sjåartal opp mot 1,5 millionar i enkeltfinalar. I fjor var snittet for heile sesongen rundt 700.000 sjåarar.

Idol har sjølv fått konkurranse av andre talentprogram, ikkje minst Norske talenter. Nyleg følgde over ein million nordmenn med på TV-skjermane då 8-åringen Angelina Jordan Astar song «Summertime» på ein måte som ikkje stod tilbake for verken Billie Hollidays eller Billy Stewarts versjon.

Ja, det er mange av oss som har fått gåsehud av å høyre Angelina synge. Dessverre er ikkje Angelinas stemme det einaste som gir meg gåsehud. Sjølve konseptet Norske talenter har vore kritikkverdig, der små barn får knust draumane sine for å underhalde oss TV-sjåarar. Nokre går gråtande av scena, mens andre – som Angelina – blir verdsstjerner over natta.

Kalde grøss. Når TV 2 no har starta opp ein eigen juniorvariant av Idol, for barn under 15 år, går det kalde grøss nedover ryggen min. No skal altså TV 2 endå ein pushe konkurrerande barn i beste sendetid, som underhaldning for både barn og vaksne. Fjernsynskanalen presenterte sjølvsagt nyhenda som ei skikkeleg gladsak: Til hausten blir Idol større enn nokosinne, og no skal også barna få vere med! Det var like før dei stemte i med: Alle, alle, vil vi ha med til stjernehimmelens lyse land! Men «jakta på ei superstjerne», som Idol dreier seg om, lærer barna våre at musikk først og fremst handlar om konkurranse. Vi skal jakte på å bli best. Ønskjer vi at barna våre skal indoktrinerast i denne tankegangen før dei fyller 16? Og handlar ikkje musikk eigentleg om noko anna enn jakta på å bli ei superstjerne?

Manglar sjenanse. Idol Junior skal gå parallelt med den vanlege Idol-konkurransen, men med eigen programleiar og eige dommarpanel, der blant andre dei tidlegare Idol-artistane Margaret Berger og Sandra Lyng Haugen er med. Eg tviler ikkje på at Berger og Lyng Haugen har dei beste intensjonar når dei seier at barn gjerne manglar den «sjenansen» som mange vaksne har, at barna kjem til å bli godt tatt vare på og at dommarane ikkje kjem til å gi krasse eller negative tilbakemeldingar. «Vi skal gi mye ros, det tror jeg barn trenger,» sa Lyng Haugen nyleg til TV 2.

Det er ikkje Berger og Lyng Haugen eg er skeptisk til. Men eg mislikar TV 2s initiativ til å lage show av å eksponere barn i sårbare situasjonar. Før helga stod både professor i barnepsykologi ved Universitetet i Tromsø, Willy-Tore Mørch, og den tidlegare Norske talenter-vinnaren, Erlend Bratland, fram med kritikk av konseptet. Bratland opplevde sjølv kor vanskeleg det var som 16-åring å plutseleg få den valdsame merksemda som Norske talenter gav han: «Å gå rett fra et vanlig liv til å få alles øyne rettet mot deg, når du samtidig er i en alder der du skal finne deg selv, det kan være veldig vanskeleg,» seier han til Dagbladet.

Risikofaktor. Mørchs kronikk «Barn som underholdning for voksne» stod først på trykk i avisa Nordlys, der professoren i barnepsykologi peikar på at prestasjonsdyrking av små barn ikkje er helsefremjande. Tvert om medfører det stress og angst å tape. «Idol Junior dyrker barns prestasjoner under dekke av at barn har et uforløst behov for å vise sine talent uten å ha hatt en egnet arena før nå. Dermed fremstiller de seg som velgjørere i stedet for som en risikofaktor for psykisk uhelse hos barn,» skriv Mørch. «Barn i Idol-junior-alderen er i ferd med å bygge et skjørt selvbilde og har ennå ikke selvtillit som kan demme opp for tap og frustrasjoner.»

Med Idol Junior kastar TV 2 barna til ulvane. Fjernsynskanalen søtsnakkar om artistpotensial, talent og draumar – men er eigentleg ute etter å kapre nye marknadsandelar. Dei framstiller det som om barna er vinnarane. Men kanalen gjer barna ei bjørneteneste.

Det er ikkje ei stor teneste. Det er ei teneste som er meir til skade enn til gagn.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk