Vipps lanserer nynorsk versjon av appen

SPRÅK: På nynorskdagen 12. mai rullar Vipps ut nynorsk som eit nytt språkalternativ i appen.

Vipps var nede for alle brukarar fredag. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
SPRÅK: Frå og med 12. mai får nynorskbrukarar språket sitt i Vipps-appen.
Publisert Sist oppdatert

– Dette handlar om å visa språkleg ansvar og respekt for kundane sine. Eg håpar fleire aktørar i næringslivet lèt seg inspirera av Vipps, seier Språkrådet-direktør Åse Wetås i ei pressemelding frå Vipps.

I heile Vipps er det over 4500 ulike faste tekstar, og det er desse tekstane som no er omsette frå bokmål til nynorsk med hjelp frå Noregs Mållag.

For å skapa ekstra engasjement rundt oppdateringa, vil det for alle som vel nynorsk som språk i Vipps vera mogleg å «kvippsa» i nokre dagar. Etter kvart vil det gå over til å heita «vipsa» igjen, også på nynorsk.

Lars Tore Skau, som er utviklar og nynorskentusiast i Vipps, fortel at éin av ti vippbrukarar har nynorsk som hovudmål.

– Derfor skulle det berre mangla at vi gjer det mogleg å bruka Vipps i nynorskversjon, seier han.

Powered by Labrador CMS