Ny rekord for Frelsesarmeens julegryter

Allereie på vesle nyttårsaftan er det klart at innsamlinga til Frelsesarmeens julegryter har sett ny rekord. Over 37 millionar kroner er hittil komme inn.

Frelsesarmeens julegryteinnsamling har sett ny rekord i år. Over 37 millionar kroner er komne inn under årets aksjon.Foto: Heiko Junge / NTB
Publisert Sist oppdatert

Norge — Det er rundt 2 millionar kroner over førre rekord frå 2014, opplyser Frelsesarmeen.

– Vi er djupt gripne over givargleda og omtanken for vanskelegstilte i ei tid der mange sjølv har det vanskeleg, seier kommunikasjonssjef Geir Smith-Solevåg i Frelsesarmeen.

Det var 120. gong Frelsesarmeen sette ut dei tradisjonsrike svarte grytene sine. Vanlegvis står grytene på over 200 stader i landet frå Mandal til Kirkenes, men koronarestriksjonane gjorde at ein i år òg kunne bidra med å betale via SMS, Vipps, Facebook og andre digitale betalingsmåtar.

(©NPK)