Naiv i trua

Petter Dass-vinnar Svein Tindberg vil ikkje stappe havet ned i ei skoeske.

Teater

Svein Tindberg er skodespelaren som fann vegen til Gud gjennom teateret. Under arbeidet med «Markusevangeliet» nokre år attende forstod han plutseleg at han trudde på det evangelisten Markus fortalde.

– Eg trur at Jesus er Guds son, seier Tindberg til Vårt Land.

Det var ikkje sjølvsagt at skodespelaren skulle bli ein av Norges mest kjende fortolkarar av trusspørsmål. Han vaks opp i det han omtalar som «ein vanleg, norsk, kristen heim», utan religiøst aktive foreldre.

– Eg hadde aldri noko som helst med eit kristent miljø å gjere. Det var meir snakk om julegudstenester og aftanbøn på senga. Men alle har jo ei tante som er kristen. Og for meg var det tante Maria og onkel Torleif i Horten, som eg elles har felles med Finn Viggo Schjøll, altså Blomster-Finn. Dei var nydelege menneske, med eit vakkert forhold til religionen sin, fortel Tindberg.

Likevel fekk han sjølv verken noko engasjement imot, eller noko aktivt forhold til kristendommen.

– Eg kjente knapt eit menneske som kalla seg ein kristen, seier han.

Hjelp til tvil. Inngangen til trua kom difor gjennom teateret, i arbeidet med bibeltekstar, og i samarbeidet med teaterregissør Kjetil Bang-Hansen i oppsetningane «Ordet» av Kaj Munk, Claudels «Bodskapen til Maria», «Markus-evangeliet»og «gjerninger».

- I meg ligg det ein slags parallellitet mellom kunsten si lengsle, og lengsla til religionen. Det var først gjennom «Ordet» på Det Norske Teatret eg kom borti arbeid med «heilag tekst». Eg skulle spele den unge presten Johannes, som slit med tvil og tru. Men eg forstod at eg ikkje hadde føresetnad for å spele rolla før eg visste noko om tvil. For å vite noko om tvil, må du tru. Og det er ikkje slik som skodespelar at ein kan sette seg ned og tru torsdag kveld fordi ein treng tvilen på måndag, humrar Tindberg.

Han trong difor hjelp. Kva var Kaj Munk og kva var Bibelen i tekstane han las? Tindberg tok kontakt med presten i kyrkja der han budde på Nordstrand. Det viste seg å vere Per Anders Nordengen.

- Vi møttest om kveldane og gjekk igjennom Johannesevangeliet. Det tok tak i noko bakanfor intelligensen min, som gjorde at eg heldt fram med å lese i Bibelen. Eg kjente eit stort slektskap i kroppen min med lengselen etter å tru på noko som er strid med det rasjonelle, og motet til å be om det. Det er ein stor tanke.

- Du kjente på ein lengsel etter Gud?

- Ja, rett og slett ein lengsel etter Gud. Etter ein samanheng. Og i åra som gjekk, låg Bibelen på nattbordet mitt.

SE VIDEO: Var redd for å miste kjernepublikumet

Stolte på ordet. Når han og Kjetil Bang-Hansen lurte på kvar vegen skulle gå vidare, ville dei finne ut om det var mogleg å ta bort alle hjelpemiddel og stole berre på ein tekst og ein skodespelar. Stole på ordet. Resultatet var «Markus-evangeliet».

- Det er ein stor forskjell frå Markusevangeliet til andre store tekstar i verdslitteraturen. Den største er at forfattaren påstår at historia er sann, og at helten ikkje er Supermann, men sonen til Gud. Det var som om Markus heile vegen banka på døra og spurde: Trur du eigentleg på det? Så sa eg til meg sjølv: Ja, det gjer eg faktisk. Ikkje slik at livet mitt vart snudd på hovudet. Men eg valde å seie at eg trur.

- Då du plutseleg forstod at du trudde, opplevde du at du tok sats?

- Nei, eg berre sklei over i trua. Markusevangeliet møtte lengslane eg hadde i meg. Men no er eg i spranget. I spranget ligg det ei rørsle. Trua mi er ei rørsle eg er i, det er ikkje ein tilstand.

Tindberg opplevde ei enorm interesse for teaterstykket, som fekk heile 220 oppsetningar.

- Kyrkja har tradisjon for å lese fire linjer frå evangeliet, så er det ein mann eller ei dame som tolkar dei i tjue minutt etterpå. I teatret gjorde vi det omvendt. Vi ville opne for undringa i tekstane. Bibelen er faktisk ikkje ei matematikkbok med fasit baki. Sjølv lar eg meg fascinere mykje meir av ting som ikkje går opp.

LES MER: Svein Tindberg er årets Petter Dass

Takkar for alt. 58-åringen rekk knapt å gå i kyrkja for berre kyrkjebesøk. Dei siste åra har han hatt periodar der han har opptredd i ei kyrkje meir eller mindre kvar søndag. Han har både gode og dårlege erfaringar med det, liksom det i teatret er forskjell på kven som «opptrer».

- Samtidig er eg så norsk i sjela mi at ei heilt vanleg gudsteneste i ei heilt vanleg kyrkje passar meg svært godt. Eg likar å sitje i fred eit stykke bak. Symbolverdien, kunsten, orgeltonane gir ei stemning som opnar for kontakt til noko større enn meg sjølv.

– Ber du?

– Ja, det gjer eg absolutt. Bønn er ein del av meg. Eg ber og takkar.

– Kva takkar du for?

– Eg har uendeleg mykje å takke for. Eg takkar for alt. For familien min, for barna mine, for kona mi, for det eg får lov til å oppleve på teatret. Det kan vere alt frå detaljar til større ting. Bønn var noko av det som gjorde at eg valde å tru. Inni meg merka eg ein tendens til å be når eg var veldig redd. Ei bittelita bønn som slapp ut i ein fortvila livssituasjon. Etter kvart innsåg eg at det var nokså feigt å «bruke» Gud, men ikkje tru på han elles i veka.

Barnet er målet. Bibelen les han i framleis. Etter mange års arbeid med bibeltekstar, har Tindberg nådd fram til ein del innsikter.

– Vi sit med ei bok mellom hendene som fortel meg at det lengste eg kan komme som menneske ikkje handlar om intellekt, men om barnets naivitet. Barnets naivitet er sjølve målet. Det er ein fantastisk vakker tanke. Og då er også leik og fantasi lov. Det er jo sjølve definisjonen på barn.

– Vil du seie at du trur som eit barn?

– Eg er naiv; det er drivkrafta i yrket mitt. No spelar eg «barn»; i neste veke blir det kanskje fred på jorda. Også trua mi er naiv. Men er naivt det same som dumt? Nei, det er det ikkje. Naivitet, det å stole på noko som ikkje kan bevisast, er i slekt med det vakraste vi kjenner. Venskap. Kjærleik.

I «Abrahams barn» tillét Tindberg seg ein leiken inngang til den store tematikken. Dei tre store religionane kristendom, jødedom og islam - alle har den same stamfaren, Abraham.

– Det er ulike måtar å fortelje ei historie på. Den eine treng ikkje å stå i kontrast til den andre eingong. Det er tre ulike kulturar sin måte å tilbe den same Gud på, seier Tindberg.

Ifølgje skodespelaren er ikkje dette det same som at alt flyt saman til ein religion.

– Men går det ikkje an å tenke seg at det er fleire enn éin tolkingsnøkkel til Gud? Viss vi først tør å seie at vi trur på Gud, er ikkje Gud så mykje større enn oss? Det kan jo hende at min intelligens ikkje strekk heilt til. Eg synest det er å redusere Gud å seie at vi forstår alt. Du kan ikkje stappe havet ned i ei skoeske.

Ingen trugsel. - Mange kristne vil vel seie at vår Gud er ein treeinig Gud. Det gjeld jo ikkje dei andre to religionane. Korleis løyser vi det problemet?

– Nei, det løyser vi ikkje. Dei to andre religionane ser på oss som avgudsdyrkarar, sjølv om Koranen snakkar både om Jesus som Messias og om Den heilage ande. Treeinigheitslæra er vi åleine om. Men det ser eg ikkje som noko problem. Eg trur at Jesus var Guds son, at han døydde på krossen og stod opp igjen. Ein muslim trur at Jesus var ein profet som ikkje var Guds son, og som ikkje døydde på krossen. Eg kjenner det ikkje som ein trugsel mot mi eiga tru, så lenge vi er einige om kva Jesus sa og gjorde. Dei farlege er dei som vil eige definisjonen på Gud. Vi andre er truande som gjerne vil ha det fint saman.

- Kva er er kjernen i trua di?

- Eigentleg vier eg ikkje så mange tankar til det. Trua er ein del av meg, det er ein kulturell arv og ein personleg arv. Men eg synest det er trist når mennesket sjølv er toppunktet i universet. Når det manglar ein himmel over livet vårt.

Tindeberg trur på eit liv etter døden, sjølv om han ikkje aner kva han skal tenke om det. Han peiker på at førestellingane om himmelriket har endra seg gjennom ulike tider og kulturar.

– Eg veit ikkje kva eg kan vente meg, og eg håper ikkje eg kjem dit enno. Men eg må jo seie at eg er spent.

Dette Min Tro-intervjuet sto på trykk i Vårt Land 29. oktober 2011.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Teater