Nyheter

Følsam ekstra large

Det er då eg er som er den sensitive!

Som mange andre heiv også eg meg over bøker om å vere særleg sensitiv. Svært oppbyggeleg lesing for oss som alltid har fått høyre at vi er for følsame, for nærtakande og at vi blir for fort slitne.

Andre kjenneteikn ved den «særleg sensitive» er slett ikkje så verst: Eit komplekst og rikt indre liv, sterk intuisjon og eit meir fintfølande nervesystem. Særleg sensitiv er inga diagnose, men eit trekk ved personlegdomen. Har du følt deg annleis? Blir du lett overstiumlert? Kanskje er det fordi du sansar meir enn andre, reagerer sterkare på musikk, lys og lukt?

Endeleg

Amerikanske Eilen Arons bok med tittelen Særlig sensitiv – La sårbarheten bli din styrke, har fått mykje merksemd, også her landet. Fleire bøker har kome til, viten som kan gi mang ein stakkar ro i sjela. Ein kan slutte å bry seg om ting ein før har bedt om orsaking for: Tronga til å vere åleine. Endeleg aksept for at ein ikkje klarer å henge med på aktivitetskarusellen.

Min følsame personlegdom forklarar også langt på veg kvifor eg kjem til kort når eg samanliknar meg med ei venninne som stadig er på farta. Men ho er vel sydd saman på ein heilt annan måte? Eg treng ikkje samanlikne meg, for eg er særleg sensitiv. Stor er derfor undringa då ho ein dag betrur meg at ho er noko som heiter særleg sensitiv.

Hæ? Men det er då eg som er sensitiv, tenker eg. Det er eg som sit inne om kvelden fordi eg ikkje føler meg heilt «i form», det er eg som må ta meg inn igjen når eg har vore sosial, som må ha blanke dagar. Men det finst mange ulike måtar å vere særleg sensitiv på, innser eg storsinna. Det er også ulike grader. Det er eg som ikkje har sett henne, sett hennar ulike sider. Det er trass alt stor skilnad på henne og ei anna venninne.

Den andre venninna

Den andre venninna har ein svært krevjande jobb med mykje reising og eit komplekst og spenstig familieliv. Vi møtes sjeldan, ho bur i ein annan del av landet. Ein sms her, ei melding der. Ho rekk å dele nokre av planane med meg, dei er ikkje få. Eg blir glad for at eg er høgsensitiv når eg høyrer om alt ho skal vere med på. Når eg først endeleg møter henne, til ein kjapp kaffe, er ho som vanleg fantastisk å sjå til, ikkje eit hårstrå ligg feil. Stor er difor overraskinga, ja, eg vil kalle det eit sjokk når ho betrur meg at … ja, nettopp: Også ho har funne ut ho er særleg sensitiv!

«Javel», seier eg matt. «Men», seier eg, «men…» Ho blunker og seier: «Det er så godt å få stadfesta at det liksom er ei årsak, ikkje at det er ei unskulding for alt ein ikkje får til, men …» Eg vil stønne høgt.

Følg oss på Facebook og Twitter!

På toget

Eg høyrer dei overalt no. Også på toget har dei særleg sensitive begynt å snakke saman. Ei seier til sine medreisande at heretter måtte dei andre i familien sjå tv med lyden av. Om kvelden ser ho helst at lyset er dempa i stova, at det får bli naturleg mørkt. Ho er særleg sensitiv, dei får ta omsyn.

Slik går det når vi sensitive begynner å slå tilbake.

Når bøker om stillheit og sensitivitet, blir lest av massene, seier det noko om kva vi har behov for. Bodskapet gjer godt, det var det vi trong å høyre, sidan kulturen einsidig har dyrka det ekstroverte. Vi har levd under eit sosial ideal vi ikkje har klart å leve opp til.

Det startar medan vi er små. Idealet er mange venner og aktivitetar. At vi er ulike, er klart som dagen. At det blir eit større felles medvite om at vi alle treng ei form for tilbaketrekning, rom for ingenting, måtar å vere stille på – og at somme treng det meir enn andre – er berre å håpe på. All fridom startar ved å få vere den ein er.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter