Nyheter

Dei som flyktar til Södertälje

Folket utan land flyktar til Södertälje. I den svenske byen har assyrarane familie, fotballag, TV-kanal og kyrkje. Erkebiskopen åtvarar mot å sleppe inn muslimar.

– Vårt folk er forfølgt.

Erkebiskop Abdulahad Gallo Shabo ­fiklar med gullkorset han har i snor rundt halsen. Korset har han fått av patriarken i Damaskus og syner at han er erkebiskop i Den syrisk-ortodokse kyrkja.

– Her får vi puste i eit demokrati, seier kyrkjeleiaren. Folket erkebiskopen snakkar om er assyrarane, folket som har stått utan land i 2.400 år, og som no flyktar i hopetal frå eit av landa dei har levd i, Syria.

– På nytt blir vi forfølgde og jaga på flukt av muslimar, fortel Gallo Shabo.

Erkebiskopens arbeidsdag starta med gravferd. Halvparten av setene i Europas største syrisk-ortodokse katedral blei fylte av menn og kvinner som ville ta avskil med ein av dei mange assyrarane som kom, levde og døydde i Södertälje.

Sjølv om erkebiskopen er hemma av hjerneslaget som sendte han i bakken i 2012, stod han fremst i koret og leia liturgien som har vore i bruk sidan urkyrkjelyden blei skipa i det første århundre. Medan gravfølget sig inn til etterlag, tek erkebiskopen heisen opp til patriarksalen i tredje etasje for å kvile.

– Vi er glade Sverige opnar dørene for dei mange som må flykte frå Syria.

Erkebiskop Abdulahad Gallo Shabo har litt meir på hjarta. Ei sak opptek han sterkt.

– Europa er naive. De tek i mot mange muslimar. Vi som har levd saman med muslimar i århundre veit kva det inneber. Sjå berre på kva som skjer i Irak, i Syria.

LES MER: Solberg vil hjelpe flyktninger der de er

Sverige tek i mot

Sverige har verkeleg slått opp dørene for flyktningar i år. Sidan januar har snart 90.000 funne vegen til landet langt nord i verda. Av desse kjem nesten 28.000 frå Syria, landet som blir riven sundt av ein brutal borgarkrig som snart har vart i fire år.

I flokken av syrarar er det mange kristne. Ei stor gruppe har felles mål for reisa nordover. Dei skal til Södertälje. Passa deira fortel at dei er syriske statsborgarar, men dei er ein ting til. Dei er assyrarar. Eit semittisk folk som var blant dei første som gjekk over til kristendommen, eit folk som byrja å dra til byen sør for Stockholm for snart 50 år sidan.

– Terroristane i den såkalla Islamske staten, i ISIS, har berre eit mål. Dei vil drepe oss, utrydde oss som folk, forklarar erkebiskop Gallo Shabo.

Södertälje husar to biskopar. Begge svarar til ­patriarken i Damaskus, men leiar kvar si kyrkje. I Södertälje er snart ein av tre innbyggjarar assyrarar. I Södertälje bur det 91.000.

– I haust har vi fått fleire nye i kyrkja, fortel erke­biskopen.

LES MER: 87 kommuner tar ikke imot flyktninger

«Arabar, ikkje kristen»

«Du», «din», «ditt», skriv språklærar Alice Sarkis på tavla og vender seg mot dei 16 elevane:

– Kven vil kome fram og lage ein setning?

Fem ivrige hender skyt i veret. Viljen til å lære er sterk i vesle møte­sal i Missionskyrkan. Frikyrkja tilbyr språkkurs til flyktningar som nettopp har kome.

– Her lærer dei svensk, fortel diakon Margareta Fränne.

På bakarste bord sit to av dei snart 30.000 syrarane som har kome til Sverige i år. Begge er så ivrige etter å lære seg svensk at dei gjerne gjekk inn til ei svensk frikyrkje. Begge har brukt store summar på reisa til fridomen.

– Først til Libanon, så til Tyrkia og til sist Hellas, som var forferdeleg. Grekarane brukar ikkje pengar på flyktningane som kjem frå Syria. Vi blei behandla som dyr med dårleg mat og dårleg bustad. Heile tida fekk vi høyre at «du er arabar, ikkje kristen», fortel Michel. 27-åringen frå Damaskus er katolikk.

LES MER: O juleufred

Dyr reise

I Athen møtte Michel, som ikkje vågar å opplyse etternamnet av omsyn til tryggleiken til familien som er att i Syria, ein annan katolikk på flukt nordover i Europa. Dei skulle til same stad:

– Södertälje, seier Kinan – og Michel nikkar. Til liks med kameraten vågar heller ikkje Kinan å gje frå seg etternamnet.

– Som kristne er vi utsette i Syria, særleg i områda som blir kontrollerte av ISIS, forklarar Kinan.

– Kvifor ville de begge til ­Södertälje?

– Her har vi familie. Mor bur her og Kinan har ein onkel i byen, seier Michel. Mennene kom seg til Sverige som flyktningar flest. Med menneskesmuglarar.

– Vi betalte dyrt, seier Kinan og mumlar fram «9.000 euro».

– 11.500 euro, supplerer Michel. Eller nesten 110.000 kroner.

Sveriges regjering har sagt at dei kan ta i mot 20.000 syrarar i år, men dei må sjølve klare å ta seg til landet.

– Pengane har vi lånt, og dei skal betalast tilbake, seier Kinan

– Men reisa var verdt kvar euro. Vi kjøpte livet, meiner Michel.

Medan han er blant dei ­heldige, ventar kameraten på svar. Migrationsverket har gjeve Michel opphald i Sverige, men behandlar framleis asylsøknaden til Kinan.

– Kanskje får eg svar til jul, smiler han tappert.

LES MER: Strid om verdens eldste kloster

Omtalt i Mosebøkene

Assyria er oldtidsriket som gjekk over i historiebøkene 600 år før Kristi fødsel. Då hadde det først vakse seg stort og mektig og strekt seg over det meste av dagens Midtausten for så å krympe tilbake til kjerneområdet rundt byen Assur, som er omtalt allereie i Mose­bøkene i Det gamle testamentet:

«Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden (...) Ei elv går ut frå Eden og vatnar hagen. Derifrå deler ho seg i fire greiner (...) Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som går austafor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.»

Med andre ord: Assyria var landet mellom elvane Eufrat og Tigris. Bystaten Assur blei imperiet Assyria.

Folket som budde i området gjekk etter Kristi fødsel etterkvart over til kristendommen. Då islam og muslimane kom i det 7. århundre, byrja dei å knyte identiteten tilbake til Assyria. Dei blei assyrarar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Søkte tryggleik

– Sjå her, du stablar brødkassane der og legg opp brøda i dei hyllene.

Robel Varli vegleiar Mhyr Khasro. Saman med kone og to barn kom Khasro til Södertälje frå Syria i år. Akkurat som alle andre flyktningar som kjem til Sverige kunne familien sjølve velje kvar dei ville bu – det er frivillig å bu på asylmottak.

– Vi bur hjå familie. Det er trongt, så vi leitar etter noko eige, men det er vanskeleg. Likevel er livet i Södertälje godt, her har vi fridom, her er vi trygge, her går barna glade til barnehagen, seier tobarnsfaren frå den assyriske byen Qamishli i Syria.

Han vedgår at livet i Södertälje til tider er tungt. Khasro kjenner seg langt heimanfrå. Likevel angrar han ikkje på oppbrotet:

– For her er vi trygge.

Den første gruppa assyrarar kom til Sverige og Södertälje i 1967. To fly med statslause som hadde flykta til Libanon frå Tyrkia og Syria fekk opphald i Sverige som kvoteflyktningar, og blei losa rett til fabrikkane i Södertälje. På Scania fekk dei skru saman lastebilar og hjå Astra fekk dei produsere legemiddel.

Snart gjekk det gjetord i ­«Assyria»: Kom til Södertälje, her det jobb å få. Og assyrarane kom. Mange som arbeidsinnvandrarar, andre som flyktningar etter krigar og konfliktar i Midtausten.

Tilset flyktningar

Robel Varli veit kva det vi seie å vere ny i framandt land. Han har prøvd to gonger. Først i Vest-Tyskland i 1965, så i Sverige i 1980. Han er assyrar frå byen Midyat, søraust i dagens Tyrkia.

– Kvifor kom de til Södertälje?

– Vi hadde familie her, seier Varli. Han smiler av svaret. Alle assyrarar som vel Södertälje, kjem fordi byen husar så mange assyrarar.

– Vi bur her fordi vi er forfølgde i landa vi kom frå. Vi er kristne, forklarar Varli.

Difor prøver kjøpmannen å hjelpe der han kan. Difor har han i haust tilsett to nye flyktningar Syria.

– Vi hjelper kvarandre, vi må ta vel i mot dei som kjem no, seier Varli. Alle som arbeider i hans tre butikkar er assyrarar.

Lite kjent folkemord

Assyraranes kjerneområde i dag ligg i fire land: Søraustlege Tyrkia, nordaustlege Syria, nordlege Irak og litt av det vestlege Iran. Her har dei budd vegg i vegg med muslimske naboar i vel 1.300 år.

Den mest omfattande nedslaktinga av assyrarar i nyare tid fann stad i skuggen av første verdskrig. I åra 1915-1918 tok Tyrkia livet av opp mot 750.000 assyrarar som levde søraust i landet, på grensa mot dagens Syria og Irak.

– Om det tyrkiske folkemordet på armenarar er lite kjent, er det tyrkiske folkemordet på assyrarar og syrianarar endå mindre kjent, seier Jacob Mirza. Han er mellom dei i Södertälje som brukar begge namna på folkegruppa, assyrarar og syrianarar.

Han er leiar for TV-kanalen Suroyo som sender frå Södertälje. Han klarar det leiarar før han ikkje har klart, samle folket. Sju dagar i veka sender Suroyo TV-program til diasporaen.

– Klar? Då byrjar eg å lese.

Sonya Aho er sikker. Ho er avstemt sminka. Korset heng fint i halsgropa. Nyhendemeldingane ho har skrive på arabisk er lagt inn i tekstmaskina. Sonya Aho skal snakke til 82 land. Verda over ventar folk på nytt frå heimlandet som ikkje er synleg på kartet.

– Men vi har det her inne, seier Aho og bankar lett på hjarta.

– Og ein dag skal vi få landet vi lengtar etter, eg er sikker.

Draumen om Assyria

Mellom kvar melding ho les inn til nyhendesendinga til kanalen Suroyo TV som går i opptak til fem kontinent, har Aho tid til å snakke om saka ho brenn for; draumen om Assyria.

– Eg kom til Södertälje frå Libanon for 33 år sidan, og gjorde noko som framleis er uvanleg, eg gifta meg med ein svenske.

– Kva gjer assyrarar flest?

– Dei giftar seg med kvarandre. Ein skal ta vare på kultur, språk og tradisjonar, forklarar Aho, som er frivillig i den ti år gamle kanalen.

Ho sit åleine i studioet som er fire studio i eitt; eit hjørne til nyhendesendingane, eit til debattprogramma, eit til helseprogramma og eit som kan ommøblerast på kort tid. I desember blir det laga juleprogram der. ­Hovudtyngda av programma blir sendt på vestarameisk, hovudspråket for assyrarane – og austarameisk, som er mindre brukt. For å nå ut til flest mogeleg, sender Suroyo TV også program på arabisk, som er daglegspråket til svært mange assyrarar i Midtausten.

TV-sjef Jacob Mirza slår det fast, med ein peikefinger hamrande i bordplata:

– Vi lagar ikkje TV-program der vi seier at folk må kome til Södertälje, til Sverige. Vi vil ikkje at alle assyrarar og syrianarar skal røme, det er viktig å ha kristne i landa. Vi må ha folk i det heimlandet vi ikkje har.

Stemte på SD

På veg heim fortel Sonya Aho at ho stemte på innvandringskritiske Sverigedemokraterna (SD) ved riksdagsvalet i september – og at SD skal få hennar stemme også ved nyvalet i mars.

– Kvifor?

– Vi må vere varsame med kven vi slepper inn i Sverige, meiner Aho, som er lærar på dagtid.

– Kva med flyktningar frå Syria som no bankar på i Sverige?

– Vi skal ta i mot våre kristne brør.

Det ottomanske imperiet overlevde ikkje første verdskrig. Assyrarane vona at dei endeleg kunne få ein eigen stat i det gamle kjerneområdet, akkurat som kurdarane. Dei drøymde også om å trekkje grenser rundt eit Kurdistan.

Men stormaktene ville det annleis. Tyrkia blei fødd og Frankrike og Storbritannia delte resten av Midtausten mellom seg og trekte opp nye statsgrenser. Libanon, Syria, Jordan og Irak blei konstruerte. Assyrarane stod att som taparar, spreidde på mange land.

Skapte eit topplag

Fotball er ein viktig sport for assyriske menn. Akkurat som Södertälje har to syrisk-ortodokse kyrkjer med kvar sin biskop, har byen to assyriske fotballag. Allereie i 1974 skipa nykommarane ein eigen klubb, Assyriska Fotbollsföreningen. Tre år seinare blei naborivalen Syrianska Fotbolls­club sparka i gang. Begge klubbane spelar i dag i nest øvste divisjon. Når klubbane barkar saman på stadionet dei deler, er det alltid utselt.

– Sjå her, han og han har spelt på landslaget, og han er nettopp selt til ein gresk toppklubb.

Ninous Toma peikar på spelarane på plakaten på klubbkontoret til Assyriska FF. Klubben som feirar dei 40 i år var lenge ein innvandrarklubb for unge assyrarar som var dyktige med lærkula.

– No har vi svenskar, spelarar frå Balkan – og assyrarar, fortel Toma, som leiar ungdomsarbeidet i klubben. I 2003 og kom Assyriska seg heilt til cupfinalen, men tapte. Året etter fekk dei prøve seg i eliteserien, men det blei nedrykk.

Fordi Södertälje har tatt i mot tusental flyktningar frå særleg Irak og Syria dei siste åra, og fordi mange i klubben har røter i begge land, er Assyriska og Ninous Toma ivrige etter å invitere unge flyktningar til fotballbanen.

– Særleg tenåringar som skal finne seg til rette i eit nytt land treng å kome seg ut.

For desse stiller Assyriska opp med faste trenings­tider og litt utstyr. Fotballen hjelper til med å integrere unge, både jenter og gutar, meiner Toma.

Snakk svensk!

– Kan eg snakke arabisk?

Bashar Mardo nappar Ninous Toma i jakka. 13-åringen har snørt på seg fotballskoa han har fått av Assyriska FF. I to månadar har han venta på denne dagen.

– Eg får bli med på treningar, fortel han stolt.

Hallen vernar mot desemberregnet, men ikkje mot dei kalde gradene. Likevel møter flokken av hovudsakleg unge assyrarar opp i god tid før hallen blir låst opp. Dei vil trene, dei vil bli dei nye stjernene på Assyriska.

Tomas språkråd til Bashar Mardo er enkelt:

– Snakk svensk, snakk så mykje svensk du kan.

Tenåringen nikkar og spring bort til trenar Rimon Skandar:

– I kveld får laget ein ny spelar. Dette er Bashar, han har nyleg kome til Södertälje frå Syria saman med familien sin. Bashar skal trene saman med oss.

Les mer om mer disse temaene:

Erlend Berge

Erlend Berge

Erlend Berge er fotojournalist i Vårt Land.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter