Nyheter

Å bære et barn inn i jula

Mange familiar har større utfordringar enn storleiken på adventskalenderen, skriv spaltist Laura Djupvik.

GJESTEN: Ei legende om Sankt Kristoffer, skytsengel for dei reisande, fortel at han var så sterk og full av overmot at han berre ville tene hos den aller sterkaste. Så han tente hos ein konge. Heilt til han forstod at kongen var redd for djevelen. Då ville han tene hos djevelen. Heilt til han forstod at denne var redd for korset. Då ville han tene korset. Men korleis?

Ein prest rådde han til å stå ved ei elv og vente. Sankt Kristoffer venta på Kristus, men i staden kom det all slags folk som skulle over elva. Som han måtte bære. Til slutt høyrde han stemma til eit lite barn som ropte på han. Og han tok barnet og bar det ut i elva, men medan han gjekk i elva vart barnet tyngre og tyngre. Då han stod midt i elva var det som om han bærte heile universet.

Eg vil stanse ved det tunge barnet. Mange foreldre føler nok også at universet avheng av deira innsats, evna til å bære, særleg no før jul. Det finst så mange barn og somme er, om ikkje tunge, så annleis og vanskelege å bære. Desse barna finst i eit utal variantar og dei får (eller får ikkje) ulike diagnosar. Somme av dei er utan filter. Somme kommuniserer dårleg. Dei er komplekse og samansette. Gåtefulle, originale, fantastiske og krevjande. Felles er at dei skakar jordsmonnet når dei kjem, og dei lærer oss at alle teikn må tolkast på nytt.

Også advent og jul må tolkast på nytt, når eit slikt barn landar i familien. Denne tida betyr brot på rutinar med tilhøyrande påtrengande stimuli. Det kan dreie seg om alt frå julesongar til lukter som andre synest er så koseleg. Det er mest uråd å førestille seg kor utfordrande eit lucia-arrangement kan vere for eit slikt barn. Eller berre det å komme seg dit. Det finst problemstillingar eg ikkje kunne ha tenkt meg fram til, før mitt eige barn viste seg å vere annleis, og fekk ein autismediagnose.

Eg syntest nok eg såg korleis all verdas manglande evne til kommunikasjon og forståing hadde samla seg saman til ein klump og tatt bustad i ein gut på fire år. Med tida kunne eg innimellom sjå meg og barnet utanfrå, der vi sleit kvarandre ut i forsøket på å finne ut av dei enklaste ting. Korleis få på ein vinterdress, til dømes. Korleis slutte å skrike. Korleis få til noko som helst utan kamp og krig. Korleis få sove. Og då det nærma seg jul, ønskte eg meg berre ein ting, det som brukte å stå med snirklete skrift på julekort frå gamle tanter: Ei velsigna og fredfull julehøgtid.

Ein trur kanskje at barnet blir ein spegel og svarer med det vi puttar på. Men barnet er seg sjølv, barnet er den andre. Av og til gir motstand meining og vi ser samanhangar og konsekvensar. Andre gonger er alt mystisk og gåtefullt. Innimellom kan alt bli meiningslaust og fortvilande.

Advent og jul krev trening for mange fleire enn oss. Det går betre med øving og rutinar. Vi gruar oss ikkje lenger til jul. Målet er glede. Vi har enkle adventskalendrar, rein melkesjokolade i kvar luke.

Ifølgje legenda var det medan Sankt Kristoffer stod i straumen, tynga ned av heile verda, at det gjekk opp for han kven han bærte. Dermed vart han redda. Ein bærer også seg sjølv når ein bærer eit barn. Ein driv seg sjølv ut av forfalne draumar. Som vaksne innbiller vi oss at jula skal forløyse ein slags idyll. Og barna skal sei fram idyllen.

Førjulstida er for mange både brutal og omsynslaus, det er difor ein venter og håper. I periodar må dei fleste begynne på nytt, jul eller ei. Det er ikkje klart for meg lenger, kven som lærer opp kven. Klumpar av fortviling og frustrasjon rører seg inni den enkelte og kan true med å velte alt.

Vi øver på å seie unnskyld når det er på sin plass. Vi prøver å vere snille med kvarandre. Vi prøver å snakke saman. Vi prøver å finne ut kva jula er for oss. Vi tenner mange lys.

Laura Djupvik er forlagsredaktør, skribent og spaltist i Vårt Land. Denne teksten sto på trykk i Vårt Lands papirutgave fredag 6. desember

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter