Kultur

Forbodne ord

Samfunnet kunne klart seg fint utan banning. Men å forby kraftuttrykk er ikkje vegen å gå.

Denne veka tredde ei ny lov i kraft i Russland. Banning i filmar, bøker og teaterstykke blir i praksis forbode. Filmar med innslag av banneord skal nektast brei russisk distribusjon. Bøker med banning må seljast i forsegla innpakningar med påklistra åtvaringar. Teatra får forbod mot å sette opp «uanstendige sceneproduksjonar». NTB melder at brot på lova skal straffast med bøter på opptil 50.000 rublar, tilsvarande 10.000 
norske kroner.

LES OGSÅ: Banne-forbud i Russland

Banning er å bryte eit språkleg tabu. Som regel er bannorda spontane uttrykk for kjensler, ikkje minst for sinne eller angst. I Noreg er det særleg grovt med ord som inneber «falsk påkalling»: Misbruk av Guds namn og påkalling av djevelen. Tabugrensene kan likevel vere ulike frå landsdel til landsdel, og frå person til person. Det som er banning på Sørlandet, er kanskje ikkje fullt så sterkt lengre nord.

Korleis det er i Russland, kjenner eg ikkje til, men det er grunn til å tru at dei har ei brei vifte av kraftuttrykk også der. President Vladimir 
Putin ønskjer no å forby bruken av desse 
uttrykka for å «sikre vernet og utviklinga av språkkulturen». Dermed er han inne på eit skummelt spor. Ytringsfridomen i Russland får ikkje betre kår av endå fleire forbodne ord.

LES OGSÅ: Kringkastingsrådet vil ikke ha grisepratradio

Noko anna er korleis Putin tenker å handheve denne lova. Visstnok har han planar om å bruke spesiallaga programvare for å overvake banning på internett. Det høyrest endå sprøare ut enn George Orwells 1984. Storebror skal no drive danning og språkrøkt.

Det spørst også kva effekt lova vil få. Som 
professor i leksikografi Ruth Vatvedt Fjeld 
poengterte i Språknytt tidlegare i år, klarer ikkje ei svarteliste over ord å fange opp den faktiske språkutviklinga. Kanskje resultatet blir nye kreative bannord på russisk? Tippar at Putin kjem med nokre mørke gloser når han finn ut av det.

Sjølv likar eg ikkje banning. Samfunnet hadde klart seg fint utan all bannskapen. Men å forby kraftuttrykk er ikkje vegen å gå. Den nye lova i Russland er både ei innskrenking av ytringsfri­domen og ei kunstnarisk tvangstrøye.

LES OGSÅ: Klager på banning i NRK

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur