Vinterberg fekk Nordisk råds filmpris
Rammar inn filmen med kristen dåp.
Den danske regissøren Thomas Vinterberg (t.v.) har fått Nordisk råds filmpris for filmen Submarino. Jakob Cedergren spelar ein av hovudrollane.
Scanpix
Den danske regissøren Thomas Vinterberg har fått Nordisk råds filmpris for Submarino. Filmen har splitta kritikarar og publikum, blant anna på grunn av det dystre innhaldet Vinterberg presenterer.
– Utfordringa er å vere så sannferdig som mogleg, utan å bli så mørk at folk støyter filmen frå seg, sa regissøren i eit intervju med Vårt Land under filmfestivalen i Berlin tidlegare i år.
Submarino handlar om to brør som veks opp med ei forfylla mor. Når dei får ein tredje bror, er mora så rusa at ho ikkje klarer å ta hand om babyen. Ansvaret fell på dei unge gutane, som også mislukkast – den vesle babyen døyr. Så hoppar filmen i tid, og vi møter igjen brørne som vaksne. Brørne er komne skeivt ut i livet, på ulikt vis.
Bestill abonnement her
KJØP