Norsk film i hundre

Tre nye bøker gir deg god oversikt over norsk filmhistorie.

Spelefilmen Max Manus (2008) blei sett av godt over ein million kinogjengarar. Fleire går og ser norsk film enn før, og det har dukka opp nye og dyktige regissørar. Norsk film er inne i ein ny gullalder, skriv vår kommentator.
Publisert Sist oppdatert

KOMMENTAR: Det er liten tvil om at norsk film er inne i ein ny gullalder. Nye talent dukkar opp både framføre og bak kamera, og norske kortfilmar, dokumentarfilmar og spelefilmar blir lagt merke til internasjonalt. Kortfilmen har kome lengst kva gjeld heider og ære, med Gullpalme i Cannes til Bobbie Peers (Sniffer), Oscar-statuett til Torill Kove (Den danske dikteren) og verdsomspennande festivalsuksess for Anita Killi (Sinna Mann). Dei seinare åra har også eit knippe sterke spelefilmregissørar gjort seg gjeldande: Bent Hamer, Erik Poppe og Hans Petter Moland frå den mellomaldrande garde; Joachim Trier, Sara Johnsen og Anne Sewitsky frå den unge. Og dette var berre nokre få av dei mange som hadde fortent merksemd. Norsk film går så det susar. Det synest både filmkritikarane og publikum å vere samde om.

Mord i september. Situasjonen har ikkje alltid vore slik. Både Jan Erik Holst og Gunnar Iversen skriv i dei nye bøkene Filmen i Norge og Norsk filmhistorie om «septembermordet» i 1980, då norske filmkritikarar totalslakta norsk film generelt og filmane La elva leve! og I ungdommens makt spesielt. Prosentdelen av kinogjengarar som såg norsk film på kino, var fleire år nede i under fem prosent – eit skandaløst dårleg tal for ein nasjon med filmambisjonar. I fjor var talet til samanlikning 23,2 prosent.

Dei nemnde bøkene gir god oversikt over den norske filmhistoria frå høvesvis 16 og 100 år tilbake i tid. Filmen i Norge. Norske kinofilmer 1995-2011 er eit framhald til boka med same hovudtittel som kom ut i 1995. Innleiingsvis får vi nokre fine essays, frå Holsts oversynsartiklar om filmar og filmpolitikk til Rune Valles essay om videomaskina – i byrjinga skulda for å vere «djevelens treskeverk».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS