Med livet som innsats
Borgarjournalistane i den syriske byen Raqqa risikerte livet for å få fram sanninga om tilstanden i IS-hovudstaden.
Ikkje så mange journalistar i den vestlege verda jobbar med livet som innsats. Det er den høgst reelle innsatsen for gjengen som vi møter i dokumentarfilmen City of Ghosts: Raqqa, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Det er berre litt over ein månad sidan Syrias demokratiske styrkar (SDF) og den kurdiske YPG-militsen erklærte siger over IS i terroristhovudsetet Raqqa. Byen i Nord-Syria blei erobra av IS-krigarar for snart fire år sidan, og blei gjort til hovudstad då IS proklamerte sitt kalifat i Syria og Irak sommaren 2014.
Jerngrepet om byen har inntil IS-kollapsen vore beintøft. Grunnen til at vi veit så mykje om tilstanden i Raqqa, skuldast ikkje minst ei gruppe modige borgarjournalistar, organisert under namnet Raqqa Is Being Slaughtered Silently (RBSS). No har det kome ein svært sjåverdig dokumentarfilm om arbeidet deira, regissert av Matthew Heineman, som har vunne fleire Emmy-prisar og var nominert til Oscar for ein dokumentar om den meksikanske narkotikahandelen (Cartel Land, 2015).
Bestialsk
Bestill abonnement her
KJØP