Krigsbarn er ei lokal og internasjonal utfordring
I følgje FN er det aktive 27 konfliktar i verda i dag. Det gjer dokumentaren om «tyskerbarna» til ein aktuell film.
– Vårt oppdrag er at barn som kjem frå krig, overlever og får moglegheit til å komme seg gjennom traumene, seier Kim N. Gabrielli.
Unicef
– Filmen er ikkje berre eit forsøk på å vise at Strasbourg-dommen er urettferdig. Vi ønskjer også å løfte fram liknande situasjonar i dag. Barn av IS-soldatar og okkupantar i andre krigar står i fare for å oppleve det same stigmaet som «tyskarbarna», seier produsent Torstein Parelius.
I fjor sommar gjekk ein debatt om kor vidt Norge har eit ansvar for å hjelpe desse barna. Den gongen skreiv Siv Jensen på Facebook at «har man deltatt i ISIL, skal man ikke få hjelp fra Norge». Parelius meiner ordskiftet i denne debatten er eit prov på at vi ikkje har lært av feila våre.
– Når det same type ordskiftet dukkar opp igjen om IS-barn i 2018, meiner vi at det er viktig å sette dagsorden. Det handlar om korleis vi skal behandle barn, seier Parelius.
Bestill abonnement her
KJØP