Erdogans Game of Thrones – Kan samanliknast med Make America Great Again
Ein TV-serie gjer den tyrkiske presidenten meir populær i Pakistan enn i Tyrkia. – Erdogan promoterer seg sjølv som ein vaktar og beskyttar av alle muslimar over heile kloden, seier forskar.
TV–serien på norsk Oppstandelse: Ertugrul, er ein stor suksess, både i heimlandet Tyrkia, og i land som Pakistan. – I Tyrkia er det stor etterspørsel etter produksjonar som dette, og dei blir da også fremma av regjeringa, seier Topal.
Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan har denne veka skapt sterke reaksjonar for å ha gjort om Hagia Sofia til moské. I sitt forsøk på å gjere Tyrkia til ein stormakt, har Erdogan uttalt at tv-serien Dirilis: Ertugrul er eit svar til dei som undervurderer landet.
Og sjåarane elskar serien. I Tyrkia har serien vore ein favoritt sidan han starta å gå i 2014, og i Pakistan er det blitt reist ein statue av hovudkarakteren.
Kva er det med Dirilis: Ertugrul?