Nyheter

Fall i frå, mine vener

Eg vil tilrå fleire å falle i frå. For religion kan vere eit frykteleg åk, skriver spaltist Laura Djupvik.

Laura Djupvik, spaltist:

Eg er muslim, sa Hadia Tajik i denne spalta for nokre veker sidan. Eg er kristen, sa Vårt Lands Åshild Mathisen. Og med det vil dei ha seg fråbedt å bli påklistra ein slags religiøs light-versjon. Men er det mogleg å unngå merkelappane? Tenk berre på det kristne trus­hierarkiet: Overkristen? Personleg kristen? Aktiv kristen? Kvardagskristen? Kulturkristen? Gladkristen? Møtekristen? Eller rett og slett fråfallen?

Ein personleg kristen er vel ein kristen som vil ha eit personleg forhold til gud. Det seier meg ikkje så mykje, men uttrykket vil for meg alltid handle om protestantisk vestlandskristendom.

Og er det nokon som lenger brukar ordet fråfallen? «Han er fråfallen!» Det var om lag like skremmande som psykisk liding eller ein livstrugande sjukdom, men med dårlegare framtidsutsikt enn berre døden. Ein gjekk glipp av den himmelske fridom etterpå.

Trus-terror. Det var umogleg å sjå for seg æva. Berre at ho varte og varte ved. Og om ein ikkje passa på, fall ein i frå og hamna i eit svart sluk. Alle sjeler kunne ramle ned i dette, for alle var svake. Men somme var kanskje ekstra svake? Kanskje det var synda som lokka? Ein måtte ikkje tru ein var betre enn den som fall i frå. Det var ein ikkje! Men på ein eller annan måte hadde nokon sleppt taket. Den fråfalne hadde liksom mista Herrens grep om seg sjølv. Eller Herren hadde mista grepet om ein. Like ille.

Når eg tenker tilbake på denne måten å tenke om seg sjølv og andre på, føltes det som om eg levde under ein slags trus-terror, ein mentalkontroll av verste sort. Så då eg sjølv fall i frå, var det ikkje utan angst – eg visste jo kva eg gjekk til. Men det var umogleg å la vere.

Som vaksen har eg aldri klart å snakke heilt sant om kva eg trur på. Skamma melder seg før eg når enden av resonnementet. Delvis fordi eg var ein slik som fall i frå, men også fordi eg oppdaga et eg ikkje hadde forflytta meg særleg langt. Ein fell, men oppheld seg i det same mentale landskapet.

At det er slik har fått meg til å tenke at eg ikkje har rett til å seie noko, ikkje før eg klarer å bestemme meg for … ein sikker teori, eit slags skotsikkert meiningsprodukt av fullstendig haldbare resonnement. Som sjølvsagt ikkje finst. For tru er noko djupt primitivt og sårbart.

I dag kan eg nesten ikkje tenke meg eit frommare omgrep enn det fråfalne. For resten av verda er fallet ein bagatell. For ein sjølv og dei truande, svært dramatisk. Det inneber eit sjølvbilete som syndig, som ute av stand til å redde seg sjølv og halde stien rein. Eg såg mitt fall som synd, men det kjendest som fridom.

Kjærleik. Eg er glad for motrøyster, for vi treng både religions- og mentalitetskritikk. Alle som bygger barrikader – anten det er trussamfunn eller den store, tause konsensus, treng mange spark. Men … kor mykje greiare hadde ikkje ting vore om vi sleppte taket i alle desse merkelappane og vurderingane av folk innanfor og utanfor vår eiga vesle sfære. Om vi skapte eit større rom for å få vere den ein er – tru det ein enn måtte tru, og la det vere med det.

I det fråfalne kan eg erfare at Gud finst. Berre der kan eg faktisk erkjenne at eg trur – eg også. Berre religionsfrigjeraren Jesus er til å halde ut, elles er religion eit åk utan sidestykke.

Eg vil eigentleg tilrå fleire å falle i frå. Fall i frå den religionen som er i ferd med å isolere ein, rive ein sund, bryte ein ned, tære på ein. Og sjå kva som er på den andre sida.

Gud er ikkje noko for spesielt interesserte som gøymer seg for å halde seg reine. Gud heier ikkje fram den som held seg innanfor. Gud er stor. Gud er kjærleik. 
Noko sånt. Noko anna enn storleik og kjærleik må ein aldri finne på å dyrke.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter