Svusj

ANDAKT: Når vi les slike tekstar, ser vi som lever 2000 år seinare, eit ganske anna bilde enn det dei hadde i Jesu samtid.

I uke 49 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i spalten «Ettertanke», med utgangspunkt i Dagens bibelord fra Bibelselskapet.
Publisert Sist oppdatert

Av og til går det eit sus gjennom bibeltekstane, og vi skjønar at vi les om noko stort som har skjedd. Slik har eg det i alle fall med dagens bibelord, der Lukas let oss få eit innblikk i ein augneblink for historiebøkene.

Jesus kjem tilbake til heimstaden sin, han oppsøker synagogen og les frå Skrifta. Kva er det han les? Og kven er det han les om? Han les om seg sjølv – det er i alle fall hans eigen oppfatning, og vår, vi som trur 2000 år seinare!

I det han står og les den om lag 700 år gamle teksten frå Jesaja, skjer det som han les om. Dei som var der, fekk kanskje ein følelse av at dei var i historia, at det skjedde der og då, at dei blei del av noko stort!

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP