Stiv i nakken?

ANDAKT: Å venda seg bort frå Gud fører ikkje noko bra med seg. Det er på mange måtar ein litt framand tanke for oss.

I uke 14 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet.
Publisert Sist oppdatert

I dagens bibelord blir vi kasta inn i ei slags oppsummering av israelsfolkets historie. Det er litt av ein tirade, og konklusjonen er at det er syndene som har ført folket dit dei er. Dei er motiverte til å endra kurs og begynna på eit nytt og betre liv, for å sitera Jakob Sande. Nehemja og folket tar grep, og dei prøver å stabla på beina eit berekraftig fellesskap og bygga opp att Jerusalem. Takken går til Gud som gir alle gode gåver, og som er nådig og rik på miskunn.

Folket kjem litt dårlegare ut, dei er både stivnakka og hovmodige, vil ikkje høyra etter og vender seg bort frå Gud. Denne veka handlar det om tru og tillit, slik eg les bibeltekstane. Å venda seg bort frå Gud fører ikkje noko bra med seg. Det er på mange måtar ein litt framand tanke for oss, i alle fall om vi ser det i den store samanhengen, og der vi på luthersk vis skil mellom det verdslege og det åndelege regimentet.

Det er kanskje likevel mogleg å tenka at verda hadde sett litt annleis ut, på ein positiv måte, om vi hadde vore litt meir gudfryktige, lytta meir til Guds stemme, til fuglesongen i skogen, til trea som bles i vinden og bekkane som sildrar, om vi hadde lytta til jordas sukk og ropet frå dei fattige. Eg er sjølv litt stiv i nakken, og kan godt trena meg på å sjå både til høgre og venstre – og ikkje minst venda blikket oppover. Det kan gjera meg meir audmjuk, litt mjukare og mindre hovmodig.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS